Jules Vernes berømte roman
Le tour du monde en quatre-vingts jours eller
Jorda rundt på 80 dagar er nummer elleve i den lange rekkja hans av fantasireiseforteljingar. Og denne omsetjinga er den ellevte i Vidarforlagets Jules Verne-serie. Ingen forlagshus har til nå publisert fleire av forfattarens «Voyages Extraordinaires» på norsk. Så samtidig som akkurat denne forteljinga til no er registrert omsett elleve gonger for eit norsk publikum, er dette forlagsrekord. Heilt på linje med rekorden til Phileas Fogg og Jean Passepartout då dei hasta jorda rundt på 79 dagar. Og dersom denne 150 år gamle reiseforteljinga som er ein av verdslitteraturens desiderte klassikarar, no vart lesen for første gong, var dette absolutt – om ikkje i ellevte time – så i alle fall jubileumsrekord!